I år som tidlegare år, inviterte polarhundklubben til rasesamling for Grønlandshund på Johnsgård turistsenter, og underteikna med sambu og bikkjer tok på ny turen. Trivelege folk, fine løyper og høvelege mengder program i eit flott fjellandskap. Kven kan vel seie nei til det?
Samlinga starta torsdag ettermiddag med oppmøte, litt kort informasjon frå avlsrådet om helga og sosialt samvær. Sambuar og bikkjer reiste av gårde, medan eg måtte ha fredagen på jobb før eg kunne vende nasen mot Johnsgård. Når eg vel var framme fredags kveld venta felles middag med husets burger, sosialt samvær med bikkjeprat og førerapport frå dei som allereie hadde vore ute å testa ulike løyper.


Tur, foredrag og knytingslag
Programmet for laurdagen baud mellom anna på valfri tur i løypenettet rundt Johnsgård. Sambu hadde vore ute dagen før på fellestur, og me bestemte oss for å ta ein kortare runde enn dagens fellestur, saman med eit par andre. Me var litt spente på tilhøva, sidan det song litt på siste verset med snøføre. Det synte seg kjapt at traseen vi hadde velt oss truleg eigna seg betre til å køyre slede enn nordisk med pulk denne dagen. Det var smelta fram stein og større barflekkar i løypa som var vanskelege å omgå. Ikkje alltid heilt enkelt å forsere med ski og pulk med linesett. I alle fall ikkje med unge og ivrige hundar og to skiløparar på eit spann. Det vart mykje armar, bein og nokre skarpe kommandoar. Vi snudde, og køyrde over Langsjøen til same trasé som dei som drog på fellestur. Der var løypeforholda straks betre. I tillegg fekk vi trena på passering i det vi trefte dei andre som var på veg inn igjen. Aldri så gale at det ikkje er godt for noko heiter det vel.
Vel attende på Johnsgård venta felles lunsj ved grillen i gapahuken, ein runde med tips og utstyrsråd, hels på bikkjer og sjølvsagt store dosar bikkjeprat. Det sluttar elles aldri å fascinere meg kor mykje stamtavler folk greier å frakte rundt oppe i hovudet. Eg har nok med å hugse mor og far til våre hundar.
Kvelden baud på flott foredrag med turbilete og film, og nyttig informasjon frå avlsrådet. Relevant statistikk for rasen vart presentert, og ei kort orientering om det nye dommarkompendiet for Grønlandshund, med ei oppmoding om å komme med attendemeldingar om ein hadde nokre. Vel ferdig med denne programposten var det duka for årets knytislag.
Kva gjeld knytislaget har det utvikla seg til ei heller spennande greie, sidan me aldri veit kva mat andre tek med seg. I år var vi lure, og laga wraps med spekeskinke i staden for laks, sidan det var nok av wraps med laks førre gong. Det synte seg dog at det var fleire glupe hovude i forsamlinga (great minds think alike), og vi kunne nok fôra ein halv bataljon med wraps med spekeskinke. Heldigvis finnast det også folk som har meir originale tankar i hovudet kva gjeld mat, og det vart likevel ein variert buffé med mykje godt på tallerkenen.


Rolig avrunding
Søndagen stod me opp til avslutning med felles restefest til frukost, før avreise. Med sol og kort veg heim, freista det likevel å ta ein liten tur på ski før me vende nasen heim. Så, litt morgonmat, nokre «takk for laget» og ei hytterydding seinare, sette vi av garde på skitur rundt Langsjøen. Eller rettare sagt, over sjøen og rundt søre del. Der fann me helgas beste skiføre og ein fin barflekk under ei furu, høveleg til å stele med seg ein siste rest av søndags- og turkjensle. Takk for i år.

Eit raust og inkluderande miljø
Allereie etter første gongen vi var med på rasesamling, som relativt ferske eigarar av rasen, vart denne helga booka i kalenderen for «alle år» framover. Det er eit privilegium å få ta del i eit miljø som er så til de grader inkluderande og rause. Som velvillig deler, på same tid som det er rom for å finne ut av ting på eiga hand. Som balanserer sosialt lag, skjemt og «pelsterapi», med informasjon om raseforvaltning og andre aktuelle saker. Eit miljø der friluftsliv med hund står sterkt. Om det er i form av dagstur på fjellet, langrenn i skiløyper, buande i hytte eller telt, eller i form av «ekspedisjonsliknande» turar, er heilt likegyldig. Likeins om du køyrer med åtte eller to bikkjer, om du køyrer nordisk stil med pulk, nome eller snørekøyrer. Tid brukt ute, med denne fantastiske rasen, er det som spelar ei rolle. Takk til alle dei som bidreg til dette miljøet. Og til dykk som ikkje (enno) har teke turen?; kåmmaaaaaan då gutta!
